KrF-Ulstein ber Senterpartiet stansa tvillingabort

NY LOV: Fungerande KrF-leiar Dag-Inge Ulstein vender seg til Sp-avhopparar og ber dei stansa forslag om tvillingabort. – Stemmene frå Senterpartiet kan bli viktige i denne saka, seier han.

Dag-Inge Ulstein (KrF) på Halvorsens Konditori like ved Stortinget, hvor han forteller om tiltak Kristelig Folkeparti vil ta for å få bukt med den økende baren- og ungdomskriminaliteten i landet.
VIL HA SVAR: – Eg opplever at det er uklart kva utbrytarane i Senterpartiet meiner om tvillingabort, seier Dag-Inge Ulstein i KrF.
Publisert Sist oppdatert

Fungerande leiar i KrF, Dag-Inge Ulstein, møter Vårt Land onsdag ettermiddag. Ei knapp veke har gått sidan regjeringa la fram forslag til ny abortlov.

Ulstein vil kasta lys over ei side ved forslaget han meiner ikkje har fått mykje merksemd: At kvinner skal få rett til sjølvbestemt fostertalsreduksjon fram til veke 18. Forslaget om sokalla tvillingabort går lenger enn regjeringas eige abortuval og praksis i mange av Noregs naboland.

No vender Ulstein seg til Sp-representantar og ber dei tenka seg om før dei støttar tvillingabort.