KrF-Syversen blir advokat
Dei fall ut av Stortinget i haust. Hans Olav Syversen blir advokat, Line Henriette Holten direktør i Tekna.
Hans Olav Syversen og Line Henriette Holten blei ikkje attvalde til Stortinget. No har begge fått nye jobbar.
Ruud, Vidar
Lenge var han med i mediespekulasjonane om vervet som riksrevisor og sjef for Riksrevisjonen, men no er det klart at Hans Olav Syversen, som ikkje fekk fornya opphaldet på Oslo-benken i Stortinget, blir advokat. Høgres Per-Kristian Foss fekk fornya tillit som riksrevisor.
Juristen med 12 år bak seg på Stortinget, seinast som leiar av finanskomiteen, fortel til KrF-magasinet Idé kva som ventar i 2018:
– Frå 1. januar blir det advokatvegen for meg, med andre ord – «back to basic».