KrF-profil vil gje 200.000 til alle som får barn i kommunen
BABYBOOM: KrF-profil Truls Olufsen-Mehus i Hammerfest KrF vil sette i gong ein babyboom ved å tilby babybonus til alle nye foreldre i kommunen.
UTFORDRAR: Truls Olufsen-Mehus frå Hammerfest KrF markerte seg på partiet sitt ekstraordinære landsmøte ved å stille opp mot Dag Inge Ulstein i nestleiarvalet. No markerer han seg lokalt med ambisiøst baby-forslag.
Erlend Berge
– Vi i KrF Hammerfest er heilt sikre på at dette vil bidra til tilflytting, til fleire barn og til å betre den psykiske helsa i befolkninga, seier Truls Olufsen-Mehus til iFinnmark.
Han er leiar i Troms og Finnmark KrF, og nestleiar i lokallaget.
Framlegget er å utbetale ein bonus på 200.000 kroner til alle som får barn i kommunen. Ordninga, som Hammerfest KrF kallar Babybonus, vil fungere slik at foreldra får utbetalt 100.000 kroner når barnet blir fødd, og så 50.000 kvart år dei etterfølgjande to åra. Alle som har budd i kommunen minst 10 månader vil kunne ta imot denne støtta.
Bestill abonnement her
KJØP