KrF-nestleiar vil endre valsystemet
Ingelin Noresjø (KrF) ønskjer å samle Stortings- og lokalvalet i Noreg. Ho meiner valkampen i år stadfestar problema med ordninga.
Ingelin Noresjø (i midten) vil endre valordninga i Noreg. Her er KrF-nestleiaren saman med KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad og nestleiar Olaug Bollestad.
Erlend Berge
– Kvar einaste valkamp opplever vi at nasjonale saker tek fokus vekk frå lokale og regionale saker, men i år var det særs tydeleg, seier Noresjø til NRK.
KrF-nestleiaren vil bort frå valsystemet der stortingsval og lokalval er separate. I staden vil ho ha val på same tid – slik som ein mellom anna har i Sverige.
Til statskanalen seier ho at ho ikkje kjøper argumentet om at nasjonale saker vil overskugge dei lokale.