KrF-krav kontant avvist
KrFs omkamp for å få fjerna krav til butid for å få kontantstøtte, er avvist av Stortinget. Arbeidarpartiet og Venstre sikra innstramminga til regjeringa.
FEM ÅR: Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) krev at begge foreldre må ha budd minst fem år i Norge før dei kan søkje kontantstøtte til dei barna som ikkje skal gå i barnehage. Her vitjar ho Thor Olsens barnehage i Oslo saman statsminister Erna Solberg (H).
Vegard Grøtt Wivestad/NTB scanpix
Dersom butidskravet berre skal gjelde for kontantstøttemottakaren, og ikkje den andre forelderen, vil ein veldig lett kunne omgå kravet om butid i Norge, meiner barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp). No har Stortinget avvist å liberalisere innstramming.
Kort tid før førre Storting gjekk frå kvarandre for å bu seg på valkamp, vedtok dei folkevalde ei innstramming av ei velferdsyting, KrFs hjartesak, kontantstøtta:
«Støttemottakeren må være bosatt i riket, og ha vært medlem i folketrygden i minst fem år. Dersom barnet bor sammen med begge foreldrene, må begge foreldrene ha vært medlem i folketrygden i fem år», lydde endringa av kontantstøttelova.