Krev å få vite kvifor me sender soldatar til Mali
HEMMELEG: Raudt krev at statsrådsprotokollen om kvifor Norge deltek i den franskleia, militære Mali-styrken blir offentleg. Partiet viser til kva Stortinget sa etter Libya-krigen.
OPPDRAG: Fra Afghanistan til Mali? Norske soldatar skulle ha vore i Mali no, men avreisa er blitt utsett. Her speidar ein norsk soldat utover eit afghanska landskap ved Mazar-e-Sharif.
Forsvaret
– Når Norge sender soldatar til eit land med militærkuppregjering som gjer bruk av russiske leigesoldatar, så må det norske folk få innsyn i grunnlaget for avgjerda, seier Seher Aydar, Raudts medlem i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, til Vårt Land.
Norge hadde knapt fått henta heim dei siste kampsoldatane frå Afghanistan, i juni i fjor, før Solberg-regjeringa, i juli, varsla at norske soldatar skulle på nytt oppdrag. Til det vestafrikanske landet Mali.
Krev offentleggjering