Kostar tusenlappar å byggje opp heimeberedskap

MATLAGER: Nordmenn skal klare seg uten hjelp i ei veke, seier beredskapsråda frå staten. Men, eit fullt beredskapslager er svært dyrt for dei med låge inntekter, fortel åleinemor Anniina Sveiby.

Anniina Sveiby
PLASS: Anniina Sveiby seier at plass også er eit problem for mange. – Men no har eg fått tak i større leiligheit med meir oppbevaringsplass, fortel ho.
Publisert Sist oppdatert

– Eg har hatt det veldig dårleg økonomisk i det siste, og då ender det med at eg et av matlageret. Då må eg byggje det opp igjen når økonomien er litt betre, seier Anniina Sveiby til Vårt Land.

Tilrådinga frå myndigheitene er at ein skal klare seg ei veke heime utan hjelp. Likevel har berre to av ti nordmenn beredskapslager til å klare seg fleire dagar heime ved ei eventuell krise. Under halvparten har beredskapslager for ei heil veke, viser ei undersøking frå januar.

Samtidig slit mange nordmenn med økonomien, og dyrtida har ikkje blitt betre, ifølgje nye undersøkingar frå SIFO. I januar var det til dømes eit kraftig hopp i matvareprisane – som hadde stige med heile fem prosent sidan same tid i fjor.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS