Koranbrenninga har spreidd seg over heile verda. Oppfordrar til boikott
Filmsnuttar har spreidd seg rundt heile verda. På Twitter hyllar folk demonstranten som gikk til angrep og oppfordrar til boikott.
Ei rekke twitter-brukarar, hovudskalig frå muslimske majoritetsland, har reagert på hendinga i emneknaggar som #Norway og #Boycottnorway.
Tor Erik Schrøder
Koranbrenninga som føregjekk sist laurdag har skapt internasjonal merksemd. Det melder NRK.
Filmsnuttar frå hendinga har spreidd seg rundt heile verda på sosiale medium. Ei rekke twitter-brukarar, hovudsakleg frå muslimske majoritetsland, har reagert på hendinga i emneknaggar som #Norway og #Boycottnorway. Fleire føreslår å boikotte norske selskap som Telenor, eller å kutte all diplomatisk kontakt med Noreg. Her skal det også vere truslar retta mot dei ansvarlege bak hendinga.
Både russiske, pakistanske og tyrkiske nyheitsmedium har omtalt koranbrenninga. Blant dei er internasjonale Russia Today og AAJ i Pakistan.
Bestill abonnement her
KJØP