Koranbrennaren ville søkje asyl i Norge, no er han skoten og drepen

DREPEN: Den irakiske flyktningen og islamkritikaren Salwan Momika er drepen. Ekspert på ytringsfridom trur drapet, uansett motiv, kan bidra til frykt for å bruke retten til å ytre seg.

– Vi vil brenne Koranen, sier Salwan Momika, som søkte om tillatelse til koranbrenningen onsdag. Foto: Stefan Jerrevång / TT / NTB
SKOTEN OG DREPEN: Salwan Momika var kjend for å brenne koranar under demonstrasjonar i Sverige. No er han død.
Publisert Sist oppdatert

Det svenske nyheitsbyrået TT melder at den irakisk-assyrisk flyktningen, aktivisten og islamkritikaren Salwan Momika (38) er skoten og drepen. Drapet skal ha skjedd i kommunen Södertälje, vest for Stockholm, og skal ha vorte direktesendt på sosiale medium-plattforma TikTok, sjølv om svensk politi ikkje har stadfesta dette.

Momika vart eit kjent andlet i nabolandet i 2023 for å ha brent muslimane si heilage bok – koranen – ved fleire høve. I juni dette året trakka han på koranen og la bacon på den heilage boka utanfor Stockholm sin største moske. Berre dagar etter møtte han opp utanfor ein planlagt demonstrasjon utanfor den irakiske ambassaden i den svenske hovudstaden, der det også skulle føregå brenning av koranen.

Kva er bakgrunnen til den no avdøde islamkritikaren?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS