Konvertitt vann over UNE i retten
KRISTEN IRANAR: Utlendingsnemnda trur kvinna er blitt kristen, men meiner ho trygt kan vende heim. Farleg, for ho vil ta ei synleg leiarrolle, seier lagmannsretten. No får ho opphald i Norge. UNE ankar ikkje dommen.
KONKLUSJON: Utlendingsnemnda mente den iranske kvinna trygt kunne reise heim til Iran sjølv om ho hadde blitt kristen i Norge. Lagmannsretten er usamd. Ho får bli i Norge.
Cornelius Poppe
Avdelingsleiar Terje Østraat i Utlendingsnemnda skriv i ein epost til Vårt Land:
«UNE anker ikke denne dommen. Lagmannsretten har hatt et annet syn på faktagrunnlaget i saken enn det UNEs vedtak bygde på. Slik vi ser det, reiser ikke saken prinsipielle spørsmål som kan begrunne en anke til Høyesterett. Vi tar dommen til etterretning og vil nå behandle saken på nytt i tråd med premissene i dommen.»
– Me er glade for at Borgarting lagmannsrett kom fram til rett avgjerd, seier advokatfullmektig Malin Kristina Aasheim i Elden Advokatfirma til Vårt Land.