Kontroversiell KrF-profil vekkjer uro i partiet: – Han er i feil parti
KONTROVERSIELL: Det vekkjer uro i delar av KrF at fylkesleiar og tidlegare stortingskandidat i Troms og Finnmark, Truls Olufsen-Mehus, ved fleire høve har kome med kontroversielle utsegn. – Burde vurdert eksklusjon, seier partifelle.
UTFORDRAR: I forkant av KrF sitt ekstraordinære landsmøte i fjor haust stilte Truls Olufsen-Mehus som leiarkandidat i partiet. Den eigenrådige fylkesleiaren vekkjer uro i partiet.
Erlend Berge
– Eg har følgt med på kva han har sagt i ulike forum, og eg kan godt bruke sterke ord: Han er i feil parti, seier Idar Kjølsvik.
Han var kandidat for Trøndelag i stortingsvalet i fjor haust og er lokalpolitikar i Levanger. Han trur dei mange kontroversielle utsegna frå partikollegaen i Finnmark kan skape vanskelegheiter for partiet.
– Han er ein konspirasjonsteoretikar. Han lever i si eiga verkelegheit, seier Kjølsvik om Truls Olufsen-Mehus.