Knutby-pastor Helge Fossmo eit steg nærare fridom
SEKT: Denne veka vart tidligare Knutby-pastor Helge Fossmo flytta frå fengsel til open soning.
DRAPET: Den norskætta drapsdømte pastoren Helge Fossmo er no eit steg nærare fridom. Han budde i dette huset saman med kona Alexandra Fossmo, som blei drepen i 2004. Montasje: Vårt Land(Foto: NTB, Scanpix)
Drapsdømte Helge Fossmo vart onsdag flytta frå fengsel til eit såkalla «halvvägshus» der han skal sona siste del av fengselsstraffa. Det melder den svenske avisa Dagen.
Eit «halvvägshus» blir brukt i overgangen frå fengsel til fridom, og kan brukast av personar som treng ekstra støtte eller kontroll før dei blir lausslatne.
Helge Fossmo får ikkje forlata dette huset utanom visse tidspunkt, og han må bæra fotlenke.
Bestill abonnement her
KJØP