Knusande kritikk mot Une då tre søstre vann i retten
I RETTEN: Dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda får fullt medhald i Oslo tingrett. Dommen kjem med krass kritikk mot UDI og Une.
VANN FRAM: Faustina, Gloria og Brenda saksøkte staten for å få bli i Noreg. No har dei vunne fram i Oslo tingrett.
Erlend Berge
– Dette betyr alt. Eg har vore så sliten av å kjempa og kjempa. No kan eg vera her med barna mine og mannen min i Noreg.
Det seier Faustina til Vårt Land onsdag kveld.
Då har ho akkurat fått dommen frå Oslo tingrett som gjev henne og søstrene fullt medhald. UDI og Une meinte at dei tre søstrene laug om eigen identitet, og at dei uansett ikkje har rett til å bli i Noreg sidan dei ikkje lenger budde med far, som hadde kasta dei ut.