Klima

2020 – det varmaste og nest våtaste året Noreg har registrert

KLIMAENDRINGAR: Endelege tal viser at 2020 var 2,4 grader over normalen for Noreg, og det varmaste året sidan målingane starta. Det var 25 prosent våtare enn normalt.

Statsmeteorolog Bente Wahl ved Meteorologisk institutt la onsdag formiddag fram den eine vêrrekorden etter den andre då ho samanfatta vêråret 2020. Ho opna webinaret «Klimastatus 2021: Når det unormale blir normalt».

Saman med fakta om at det var Noregs varmaste og nest våtaste år samla sett, presenterte ho nokre ekstremrekordar.

– Færder var den varmaste staden i Noreg med middeltemperatur for 2020 på 10,3 grader. Det er første gong det er målt meir enn 10 grader i middeltemperatur for eitt år i Noreg, seier Wahl.

– Det vart òg sett ny noregsrekord for styrtregn. På éin time fall det 64,4 millimeter regn i Sandefjord, seier ho.

Det er første gong det er målt meir enn 10 grader i middeltemperatur for eitt år i Noreg

—  Bente Wahl

Sommar på vinter

Wahl starta innlegget sitt med å minnast snørike, kalde vintrar frå eigen barndom på 1980-talet, der ein tidvis gjekk på ski til skulen i Sør-Noreg. No er derimot vinteren meir mild, og fjorårsvinteren leverte tidenes våtaste januar og Noregs nest våtaste vintersesong som er registrert. På Sunndalsøra vart det sett varmerekord med 19 grader på vinteren.

Samtidig minna ho om at vårt nye, meir fuktige klima medfører større mengder snø der temperaturane framleis ligg under 0 grader om vinteren.

– Vi lever i eit land der nokre vil ha meir snø, og nokre vil ha mindre, seier ho, og påpeikar at det først var snøfritt i Tromsø 31. mai i fjor.

Nye normalar

Tema for presentasjonen var at vi frå i år får nye normalar i klimaforskinga. Det betyr at den perioden vi samanliknar dagens vêr med, endrar seg. Men sjølv samanlikna med den nye normalen, utmerkjer tala frå 2020 seg som ekstreme.

Dei einaste månadene som låg under det normale for middeltemperatur, var mai og juli, og dei var til gjengjeld svært kalde.

– Det var året då alle skulle leike Syden i heimlandet, men det har aldri vore kaldare til dømes i Jotunheimen, seier Wahl.

Kontrasten mellom alle varmerekordane i juni og kulderekordane i juli kunne neppe vore større. Unntaket er Svalbard, som aldri har hatt ein varmare juli enn i 2020.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima