Klima

Tilbaud hjelp for klimaangst – berre journalistar tok kontakt

Ingen klimaengstelege har kontakta Kortex Psykologerne for å få hjelp etter at dei publiserte ei sak om fenomenet.

– Eg vil ikkje utelukke at det er nokon som slit med klimaangst, men dei har ikkje kontakta oss, seier Helene Kristensen, psykolog ved Kortex Psykologerne,

For tre månadar sidan publiserte den danske psykologklinikken ein informativ tekst på nettsida deira om klimaangst og oppmoda folk som kjente seg igjen til å ta kontakt. Psykolog ved kontoret, Helene Kristensen, fortel at dei einaste som har tatt kontakt er journalistar.

– Dei spør om det same. Kva er klimaangst, kor mange har det, kvifor får dei det og korleis behandlar ein det, seier Kristensen.

LES OGSÅ: Klimakrisa­ gjev unge ­psykiske ­lidingar

Klimaflyktningar

– Kvifor la de ut denne teksten?

– Det har blitt skrive mykje om klimaangst i media, så vi hadde ein hypotese om at det er ein del som slit med dette. Ingen andre tilbyr behandling for akkurat denne lidinga, så vi tenkte det kunne vere aktuelt for nokon å få hjelp med dette.

– Kor kjem omgrepet frå?

– Det dukka opp i media for nokre månadar sidan i forbindelse med klimaforandringane. Det finst ikkje noko faglitteratur om akkurat dette, forutan ein amerikansk rapport (APA) som tek for seg dei psykologiske konsekvensane for klimaflyktningar som har vore gjennom traumatiske hendingar. Angsten deira er noko heilt anna enn den vi snakkar om i Norden.

– Har media overdrive skildringane av klimaangst?

– At ingen har kontakta oss for å få hjelp kan tyde på det. Men eg har ikkje noko bevis, så eg kan ikkje seie om det er det eine eller andre.

Kontakt psykolog

– Kva går klimaangst ut på?

– Det skal vere alvorleg for å bli definert som klimaangst. Angst handlar om å unngå visse ting, det kan vere kva som helst, fysiske objekt eller sosiale situasjonar. Mange klimamedvitne folk unngår for eksempel å ete kjøt og ta fly. Det treng ikkje vere noko problematisk ved det. Men viss du lar vere å lese avisa i frykt for å kome over angstframkallande artiklar, kan det byrje å bli problematisk.

– Når bør ein kontakte psykolog?

– Viss du er i tvil, er det alltid lurt å starte med å ringe ein psykolog. Viss du ikkje klarar leve eit allminneleg liv, og bekymringane går utover ditt sosiale liv, arbeid eller søvn, er det ein god idé å kontakte psykolog.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima