Kjerkol: Stortinget må vente på abortutval
ABORTGRENSE: Venstre ønskjer at Stortinget snarast mogleg skal vedta ei utviding av grensa for sjølvbestemt abort. Ikkje lurt, melder helseministeren: Stortinget må vente på abortutvalet.
Statsministeren redegjør for Stortinget om koronasituasjonenLOVARBEID: Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) ønskjer ikkje å ha ein abortdebatt i Stortinget i vår. Ho er snart klar med utvalet som skal utgreie abortsaka.(Foto: Ole Berg-Rusten/NTB)
Ei veke før kvinnedagen klaska Venstre eit privat lovforslag på bordet til stortingspresidenten. Medan regjering og Storting handsama følgjene av Russlands invasjon av Ukraina, sparka Venstre i gang abortdebatten som tok Støre-regjeringa og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) på senga.
Representantforslaget frå partileiar Guri Melby og medrepresentantane Ingvild Wetrhus Thorsvik og Sofie Høgestøl, bad ganske enkelt Stortinget om å «utvide grensen for selvbestemt svangerskapsavbrudd til 18. svangerskapsuke».
I dag går grensa ved 12. veke.
Bestill abonnement her
KJØP