Kjempar i retten for å få bli
OPPHALD: Dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda har saksøkt staten for å få bli i Noreg. Faustina fryktar at ho må forlata barna og ektemannen.
SØSTRE: Faustina, Gloria og Brenda saman med advokatfullmektig Lise Stefanussen, som representerer dei tre søstrene.
Erlend Berge
I ein sofa i Oslo tingrett sit Kenneth med sin seks månader gamle son på fanget. På bordet ligg leiker, snacks og våtserviettar. Barnevogna står parkert i eit hjørne.
– Heldigvis har dei eit stellerom her. Utover det er det ikkje så barnevenleg her, fortel han.
Dottera på to og eit halvt viser smilande fram eit nettbrett. Ho kan sjå på snuttar med Barne-TV for å korta ned den lange ventetida.