Kasta ut av Norge - kan bli henta tilbake frå Afghanistan

220 unge avviste asylsøkjarar kan få ein ny sjanse når regjeringa skal oppfylle Stortingets «oktoberbarn»-vedtak. Fleire er tvangsutsendt og kan bli henta tilbake til Norge.

Unge afghanarar som er blitt tvangsreturnerte til heimlandet, frå Norge, har reist via Politiets utlendingsinternat på Trandum - her vitjar innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) internatet i april i fjor.
Publisert Sist oppdatert

14. november vedtok Stortinget at fleire av dei såkalla «oktoberbarna» skal få ei fornya behandling – og påførte Solberg-regjeringa eit sviande asylnederlag.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har no identifisert dei vedtaka femner: 220 unge, avviste asylsøkjarar. UDI opplyser til Vårt Land at dei 220 fordeler seg på fire grupper:

Bur framleis på mottak, har reist heim frivillig, er tvangsreturnerte og har reist frå mottak utan å gje opp ny adresse.