Jan Bøhler tek eit oppgjer med Frp
VALKAMP: – Skilnaden mellom meg og Frp er at dei vil stoppa innvandringa, medan eg vil få til ei god intergrering og sjå menneska, seier bokaktuelle Jan Bøhler.
MENN MED BOK: Jan Bøhler og Trygve Slagsvold Vedum under lanseringa av boka «Nær Folk» i Groruddalen.
Gorm Kallestad/NTB
Sola varma då Jan Bøhler lanserte boka «Nær Folk» i Groruddalen i Oslo på måndag. Senterpartiet sin listetopp i Oslo bar ein grøn caps med skrifta «trygg by», medan partileiar og medforfattar Trygve Slagsvold Vedum stilte i grøn t-skjorte med skrifta «Hele Norge».
– Her på Grorud har eg spela fotball sidan eg var fem år. Dette er mitt kjerneområde. Hyggeleg at de kjem opp her, sa Bøhler til dei mange frammøtte journalistane.
I boka tek Bøhler opp fleire av sine hjartesaker rundt innvandring og integrering. Han skriv om kampen mot tvangsekteskap, gjengkriminalitet og sosial kontroll.
Bestill abonnement her
KJØP