Israel-handel veks
Nordmenn lyttar ikkje til boikottkrav.
Importen frå Israel er nesten dobla på 15 år.
Brusmaskinen Sodastream er eit israelsk produkt som er populært i Norge. Her eit bilete frå ein reklamekampanje med skodespelaren Scarlett Johansson.
– Å boikotte israelske varer blir ei krevjande øving. Du må til
dømes klare deg utan mobil-
telefonen og PC-en, seier Andreas
Brovig.
I eit år har han drive nettsida israelsk.no. Her viser han fram alle dei israelske varene som norske forbrukarar kan kjøpe – og må kjøpe om dei vil ha tilgong på viktige verktøy i kvardagen, som til dømes mobiltelefonen.
– Israelske teknologiselskap er i dag så langt framme og leverer så mange viktige produkt, at ein boikott vil bli svært vanskeleg, seier Brovig, som også er gruppeleiar for KrF i Lillesand bystyre.
Bestill abonnement her
KJØP