Iranarar redde for å miste jobben - følgjer Viste-saka tett
Ahmedzadeh Farhad følgjer rettssaka mot Arne Viste med svært stor interesse. Dommen vil påverke kvardagen til kurdaren frå Iran, som styresmaktene ikkje får tvangssendt til heimlandet.
Ahmedzadeh Farhad (t.v.) har teke fri frå jobben på Sunnmøre for å følgje rettssaka mot Arne Viste. Ahmedzadeh Farhad fekk jobb via Plog.
Erlend Berge
På publikumsplass i rettssal 828 i Oslo tinghus sit ein mann og følgjer nøye med på alt som blir sagt. Han har teke fri frå jobben på Sunnmøre for å følgje straffesaka mot Arne Viste og vikarbyrået hans, Plog, i Oslo tingrett.
I tiltalen skriv påtalemakta at Arne Viste og Plog «forsettlig eller grovt uaktsomt gjør bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».
Strafferamma er to års fengsel.