Innenriks

Hærverk på prideflagg i Ålesund sentrum: – Trist

LHBT: Politiet har funne eit tilgrisa prideflagg ved ein skule i Ålesund sentrum. Trist, seier rektoren ved skulen.

Klokka 18.37 melde politiet i Møre og Romsdal på X/Twitter om eit prideflagg som var funne tilgrisa på bakken ved ein skule i Ålesund.

– Det som er meldt inn til oss er at flagget låg på bakken med søppel, rømme og andre ting oppå det. Vi har ein patrulje som er på staden no, og vi ventar på ytterlegare tilbakemeldingar, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes til Sunnmørsposten.

Flagget var heist opp ved Ålesund vidaregåande skule, opplyser TV 2.

Rektor Ole Reinlund stadfestar at eit prideflagg ved skulen er teke ned, lagt utover vegen og tilgrisa.

– Det er trist. No må vi få undersøkt kva som har skjedd, seier han.

Det har i det siste vore ein stor debatt rundt Pride-flagging ved skulane i Ålesund. Først vart det forbode, før kommunestyret bestemde at det er opp til skulane sjølv å avgjere om dei vil heise regnbogeflagget.

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Innenriks