Innenriks

MDGs Lan Marie Berg gir seg i politikken

TAKKER AV: Lan Marie Berg (MDG) tek ikkje attval til Stortinget neste år, og gir MDGs landsmøte beskjed om at ho også vil gi seg som nestleiar.

– Det kjennest vemodig, og det har vore ein lang prosess for meg. Men eg er samtidig sikker på at dette er rett no, seier Berg til Dagens Næringsliv.

Ho kjem ikkje til å ta attval til Stortinget. Skulle ho bli attvald som nestleiar på landsmøtet i partiet i helga, vil ho trekkje seg frå vervet allereie på neste landsmøte, våren 2025.

I påska vart ho beden av nominasjonskomiteen om å tenkje på eit mogleg attval til neste års stortingsval.

– Det har eg gjort, og konklusjonen er den same. Når eg gir meg på Stortinget, vil det vere naturleg og også tre ut av partileiinga. Men eg er topp motivert for å jobbe for MDG som folkevalt på Stortinget og som nestleiar eitt år til – viss partiet vil, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks