Innenriks

Ny økonomisk kvardag pregar julefeiringa

JUL: Meir enn halvparten av alle nordmenn trur at høgare utgifter vil avgrense julefeiringa i år, viser ei fersk undersøking frå Ipsos, gjort på vegner av DNB.

– Sjølv om vi er ferdig med nokon annleis-år prega av covid, går vi ei litt annleis julefeiring i møte også i år. Det er særleg dei med lågare inntekt som får det tøft og som kan trenge litt ekstrastøtte og omsorg denne jula, seier leiar Ingjerd Blekeli Spiten ved personmarknad i DNB i ei pressemelding.

Meir enn ein firedel av befolkninga seier dei er avhengig av å nytte kredittkort eller utsett betaling for å dekkje jula i år.

Nesten fire av ti kunne tenkje seg ei jul utan gåver. Elleve prosent svarer at det er på grunn av økonomiske utfordringar. Ein av fire svarer at det er aktuelt å gi brukte julegåver.

– Brukte gåver under treet står høgt på ønskelista hos mange og er ein kjempefin måte å vareta både miljøet og lommeboka på i jula, seier Spiten.

Fleire oppgir også at dei vil bruke mindre pengar på gåver, sosiale aktivitetar og mat knytt til jula.

Ifølgje ei undersøking som Ipsos har gjort for DNB, trur så mange som 2,1 millionar nordmenn over 18 år at det blir tøft for privatøkonomien framover med auka husstandsutgifter.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks