Innenriks

Barnehagestreiken er over – partane er samde om pensjon

BARN: Den månadslange streiken i private barnehagar over. Partane vart samde om pensjon hos Riksmeklaren onsdag morgon.

– Vi er fornøgde med å ha fått på plass ei god pensjonsløysing som er på linje med det offentlege og andre private barnehagar har, og ein lønnsauke tilsvarande kommunal sektor, seier ei samla arbeidstakarside ved forhandlingsleiarane Anne Green Nilsen, Fagforbundet, Terje Skyvulstad, Utdanningsforbundet og Trond Ellefsen, Delta.

Dei tilsette er tilbake på jobb torsdag.

Samde om pensjon

Striden har dreidd seg om pensjon. Dei streikande har kravd at alle som er fødde etter 1968, skal meldast inn i den såkalla Fellesordninga for avtalefesta pensjon (AF) til LO/NHO, som erstattar den gamle AFP-ordninga frå neste år.

Partane har no komme fram til at tilsette i PBL seinast innan 1. januar 2025 blir innlemma i den nye AFP-ordninga.

I tillegg blir prosentsatsen redusert som dei tilsette sjølv betaler til eigen tenestepensjon frå 3 til 2,5 prosent frå 1. januar 2023, og deretter ned til 2 prosent når Fellesordninga for AFP blir etablert.

Arbeidsgivardelen blir auka tilsvarande.

– Sjølv om krava opphavleg var at både AFP i Fellesordninga og redusert prosentsats skulle innførast frå 1. januar 2023, er vi fornøgde med å ha komme fram til ein avtale som på sikt sikrar pensjonsrettane til tilsette i PBL-barnehagane, opplyser forhandlingsleiarane.

– Det har vore ein langvarig streik og nokre svært tøffe meklingar. Begge partar har både gitt og tatt. Vi meiner vi har fått PBL til å strekkje seg så langt som det var mogleg, seier dei.

God løysing for alle partar

Også Private barnehagers landsforbund (PBL) er fornøgd med at streiken no er over.

– Partane har vist stor vilje til kompromiss, og det har gitt ei løysing som er god for alle partar, seier administrerande direktør Jørn-Tommy Schjelderup i PBL.

Det har vore ei krevjande øving å få på plass løysingar som gir arbeidstakarar tryggleik for at dei framleis vil bli varetekne, samtidig som det ikkje set den økonomiske berekrafta til barnehagane ytterlegare på prøve, seier han.

– Ettersom tilsette som er fødde før 1968 allereie er sikra ein veldig god ytingsbasert tenestepensjon, vil ny AFP berre gjelde for dei som er fødde i 1968 eller seinare. Dermed fell eingongskostnaden på 1,4 milliardar kroner bort frå reknestykket. Dette har gjort det realistisk å komme fram til ei løysing, seier Schjelderup.

Streiken starta 17. oktober. Det er 20 år sidan sist det var streik i private barnehagar.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks