Nyheter

Kontanstøttekrav til innvandrarar floppar

FEM ÅR I NORGE: Frp i regjering fekk gjennomslag for å stille butidskrav til mottakarar av kontantstøtte. Men femårskravet sender ikkje fleire innvandrarkvinner ut i arbeidslivet.

Kontantstøtta er på ny i støypeskeia. Etter at Høgres landsmøte i helga skrota ordninga og vedtok om å omskipe ho til ei ventestøtte; støtte medan foreldre ventar på barnehageplass, er det fleirtal på Stortinget for revisjonen.

I april sa Arbeidarpartiet ja til ventestøtte, og står med det saman med SV og Raudt. Berre Senterpartiet på raudgrøn side vil behalde kontantstøtta. På borgarleg side har både Venstre og Høgre no vedteke at dei heller vil ha ventestøtte.

Innvandrarkvinner blir i heimen

Framstegspartiet vil som KrF halde på kontantstøtta, men vedtok på landsmøtet i mai å stille langt strengare krav til foreldre som vil ha slik støtte:

Du må ha vore i arbeid eller hatt anna inntekt dei siste 12 månadane før barnet blir fødd.

Frp meiner for mange innvandrarkvinner vel å gå heime med kontantstøtte framfor å kome seg ut i arbeidslivet. Med innstramminga skal talet på innvandrarmødrer på statleg støtte gå ned.

Som regjeringsparti fekk Frp gjennomslag for ei anna kontantstøtteinnstramming, mynta særleg på innvandrarar: Butidskravet.

En gruppe asylsøkere som har kommet over Storskog grensekontrollsted utenfor Kirkenes 20. oktober 2015.

Må ha budd fem år i Norge

Frå 1. juli 2017 blei det innført krav om at nye mottakarar av kontantstøtte, som kjem frå land utanfor EU/EØS-området, må ha vore medlem i folketrygda i minst fem år. Butidskravet gjeld for begge foreldra.

Då innstramminga blei sendt ut på høyring året før, sa dåverande arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H):

— Me vil at det skal lønne seg å jobbe.

Siktemålet med lovendringa var å gje «innvandrerne sterkere insentiver til raskt å komme i arbeidsrettet aktivitet og slik stimulere til økt bruk av barnehage blant nyankomne innvandrere», sa Solberg-regjeringa.

Butidskravet var tufta på asylforliket som dei seks største partia på Stortinget samla seg om hausten 2015, då det kom rekordmange asylsøkjarar til Norge.

Då lovendringa blei vedteken i Stortinget, fekk regjeringspartia Høgre og Frp støtte frå Ap og Venstre.

Fleire kom ikkje ut i arbeid

NAV har evaluert den snart fire år gamle innstramminga. Dommen etterlet ingen tvil: Innstramminga floppar.

«Vi finner at innføringen av botidskravet verken har ført til økt sysselsetting eller til at flere deltar i arbeidsrettede tiltak. Det gjelder enten vi undersøker effekten når barnet er 1 år og 6 måneder eller når barnet er 2 år. Målet om økt arbeidsrettet aktivitet er dermed ikke nådd», skriv NAV i rapporten som kom i 2020.

— Gruppa innstramminga var mynta på, innvandrarkvinner, let seg ikkje freiste ut i arbeid, dei er heime med barn, med eller utan kontantstøtte, fortel Ivar Lima til Vårt Land.

Han er analytikar i Nav og ein av forfattarane av rapporten.

Småbarnsfamiliane som blei ramma av butidskravet har to kjenneteikn: Få av mødrene er i arbeid og mange får kontantstøtte.

Mødrer var i arbeid ved fødsel

Nav-rapporten avdekkjer at det som forklarer om mor kjem i arbeid, er «om mor var sysselsatt før fødsel, samt om familien mottok sosialhjelp før fødsel»

Trass i at gruppa mista retten til å ta imot kontantstøtte, finn trygdeetaten ingen auke i talet på mottakarar av sosialhjelp.

Landbakgrunn påverkar også. Mødrer med bakgrunn frå Somalia, Eritrea, Syria, Pakistan og Afghanistan kjem seg i langt mindre grad i arbeid samanlikna med mødrer fødde på Filippinane eller i Thailand.

Om innstramminga har ført til auka bruk av barnehage, seier Nav-rapporten ikkje noko om. Analytikarane mangla data for bruk av barnehage.

Jon Helgheim

Frp vil stille fleire krav

I Frp seier Jon Engen-Helgheim, innvandringspolitisk talsmann, at «for mange innvandrarkvinner er varig utanfor arbeidslivet».

— Difor må me få på plass fleire tiltak enn butidskravet. Difor vedtok Frp på landsmøtet at dei som søkjer kontantstøtte må ha vore i arbeid siste år.

Sjølv om butidskravet ikkje får fleire innvandrarkvinner ut i arbeid, meiner Engen-Helgheim at det var rett å innføre det.

— Ein skal ikkje kome til Norge for å kunne leve på offentlege goder frå dag éin.

---

Kontantstøtte

Innført under Bondevik I, rulla ut i 1998, endra mange gonger.

I dag får barn mellom eitt og to år inntil 7.500 skattefrie kroner i månaden om dei ikkje er i barnehagen.

I 2017 blei det innført eit butidskrav: foreldre til eittåringar må ha minst fem års medlemskap i folketrygda for å kunne ta imot kontantstøtte. Når barnet bur saman med begge foreldre, må begge ha vore medlem i folketrygda i minst fem år. Dermed gjeld butidskravet også for norskfødde som får barn med ein person fødd utanfor EU/EØS og som har kort butid.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter