Innenriks

Må halde fram med korona-redusering for å nå klimamål

Aldri før har CO2-utsleppa i verda gått like mykje ned som etter koronatiltaka i fjor. Men kutta må vere like store kvart år om ein skal nå måla i Parisavtalen

Norge — Det kjem fram i ein ny studie der Cicero-forskarane Glenn Peters og Robbie Andrew er blant bidragsytarane. I studien reknar dei CO2-reduksjonen i fjor til å vere på 7 prosent globalt.

– Ein reduksjon i CO2-utsleppa på 2,6 gigatonn på eitt år har aldri skjedd tidlegare. Likevel treng vi kutt på 1–2 gigatonn kvart einaste år gjennom 20-talet og vidare for å unngå at oppvarminga går over 1,5-2 grader, heiter det i rapporten.

Sidan den industrielle revolusjonen har jorda til no vorte 1 grader varmare.

Teikn til oppbremsing

Koronaepidemien ramma verda samtidig som det var teikn til at auken i dei globale CO2-utsleppa hadde byrja å bremse opp.

– Tida etter koronapandemien vil vere ein unik sjanse til å føre vidare desse tidlegare utsleppskutta og starte tiltak som kan føre til raskare reduksjon av utslepp, seier forskingsleiar Glenn Peters ved Cicero.

9 prosent blant dei rike

Studien viser at dei 36 sterkaste økonomiane reduserte utsleppa sine med 0,8 prosent i snitt i åra 2016–2019 samanlikna med perioden 2011–2015. Desse landa, som står for 35 prosent av dei globale CO2-utsleppa, reduserte i fjor utsleppa sine med ikkje mindre enn 9 prosent.

64 av landa i verda kutta utsleppa sine i femårsperioden som vart målt. I 150 land steig utsleppa i perioden. Det gav ein auke i CO2-utsleppa i verda på 0,21 milliardar tonn kvart år.

– Utsleppa fall i 2020 fordi infrastruktur basert på fossile brensel vart mindre brukt, ikkje fordi denne infrastrukturen vart lagd ned. Når denne infrastrukturen blir teken i bruk igjen i 2021, er det risiko for at utsleppa vil stige kraftig, slik som vi såg i kjølvatnet av finanskrisa i 2009, seier Glenn Peters.

På veg opp igjen

Ifølgje rapporten har utsleppa allereie byrja å stige i takt med at restriksjonane blir mindre strenge. Koronatiltaka har påverka bruken av fossile brensel, men har hatt liten effekt på CO2-bruken i infrastruktur som kraftverk og transportmiddel.

Forskarane fryktar ein stor auke i CO2-utsleppa viss ikkje landa innfører tiltakspakkar som er målretta på utslepp.

– Viss ikkje desse tiltakspakkane fører til auka investeringar i klimavennleg infrastruktur, kan utsleppa om eitt eller to år igjen vere høgare enn dei var i 2019. Desse tiltakspakkane kan òg komme til å låse inn framtidige utslepp i fleire tiår framover, seier Cicero-forskar Robbie Andrew.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks