Innenriks

FHI er bekymra for at smittetala ikkje går ned

Smittetrenden i Noreg er svakt stigande. Folkehelseinstituttet er bekymra for at det kan bli verre.

– Den går jo ikkje ned – så vi vurderer smittesituasjonen som ustabil. I og med at vi ikkje ser den nedgangen som vi kunne forventa eller håpa på, med dei tiltaka som er innførte, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet til VG.

Han meiner det òg kan vere fleire smittetilfelle som ikkje er registrerte, og at smittesituasjonen derfor kan verre enn det dagens tal viser.

– Vi ser omtrent same smittenivå som vi har sett dei siste tre vekene no. Men biletet er prega av at vi ikkje veit om folk har testa seg som normalt i julehelga.

Onsdag vart det registrert 732 nye smittetilfelle i Noreg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks