Innenriks

693 nye koronasmitta siste døgn – 97 fleire enn for ei veke sidan

Det siste døgnet er det registrert 693 koronasmitta i Noreg. Det er 167 fleire enn dagen før og 97 fleire enn same dag førre veke.

Det er det høgaste talet nye smittetilfelle sidan 20. november.

I alt var det ved midnatt natt til onsdag registrert 48.278 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3.346 nye smittetilfelle i Noreg. 2,7 millionar personar er til no testa for koronavirus her i landet.

151 koronapasientar var tysdag innlagde på sjukehus. Det var ti fleire enn dagen før.

Til saman er 433 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

64,0 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks