Innenriks

Frps fylkesleiar i Oslo blir ekskludert – fylkeslaget blir sett under administrasjon

Oslo Frps leiar Geir Ugland Jacobsen er ekskludert frå partiet etter det sentralstyret meiner er fleire overtramp. Fylkeslaget blir sett under administrasjon.

Norge — Ugland Jacobsen kan anke eksklusjonen inn for Frps landsstyre. Ankefristen er to veker.

Oslo Frp blir òg sett under administrasjon. Laget vil få utnemnt eit interimsstyre beståande av Ketil Solvik-Olsen, Per-Willy Amundsen, Peter N. Myhre, Jon Georg Dale og Kari Kjønaas Kjos. Av desse er berre Peter Myhre frå Oslo.

Mistillit mot Siv Jensen

Bakgrunnen for konflikten er fleire utsegner frå fylkesleiaren som blir tolka som mistillit mot partileiar Siv Jensen og ønske om endring av politisk retning.

– Fylkesleiaren i Oslo har hatt ei rekkje overtramp. Partiet har fått mange negative tilbakemeldingar frå heile landet både frå medlemmer i partiet og veljarar på måten han frontar partiet på. Leiinga har fått tydeleg tilbakemelding om at no må det ryddast opp. Slik framferd som vi har sett frå leiaren i Oslo Frp, kan ikkje tolererast, sa nestleiar Sylvi Listhaug på ein pressekonferanse etter sentralstyremøtet.

Det er likevel ei forståing av situasjonen Ugland Jacobsen ikkje deler. Han meiner eksklusjonen kjem av politisk usemje.

– Eg har hatt nokre utsegner i media, som i seg sjølv vanskeleg kan sjåast å vere ein eksklusjonsgrunn, har han sagt til TV 2.

«Patriotisk fyrtårn»

I juni uttalte Ugland Jacobsen i Finansavisen at han ville vrake Jensen frå stortingslista i Oslo, og seinare har han sagt at han vil dra partiet i nasjonalkonservativ retning. I sommar fekk Ugland Jacobsen gjennomslag i fylkespartiet for ein resolusjon om å gjere partiet til eit «patriotisk fyrtårn.»

– Ein må rette seg etter det eit stort fleirtal har slått fast – og anten rette seg etter det eller finne noko anna å gjere, uttalte Siv Jensen til NTB tidlegare tysdag.

Framstegspartiet definerer seg sjølv som eit liberalistisk folkeparti, ei nemning landsmøtet i partiet stiller seg bak.



(©NTB)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks