Ingen kommune vil busetje barna deira

FORSKJELLSBEHANDLING: Regjeringa lokkar med ekstra støtte. Ni flyktningar krev så mykje omsorg og pleie at ingen kommunar vil busetje dei. I Senja har ein familie venta sidan 2017.

Flyktninger
FAMILIE PÅ FEM: Majeed Hasan Abdullah (t.h.) og kona Khalida Ismail Abdulqader kom til Norge i 2015 saman med tre barn. Alle er funksjonshemma. Sidan 2017 har dei fem venta på å bli busette i ein kommune.
Publisert Sist oppdatert

– Avvisinga går inn på oss, me tek det veldig tungt, og kona er svært sliten.

Majeed Hasan Abdullah sukkar tungt. Kurdaren fortel Vårt Land at han er lei av å leve i uvisse. Han vil gjerne få starte familielivet i ein kommune og vite at her skal dei bu, her skal dei slå rot.

Han, kona Khalida Ismail Abdulqader og dei tre barna kom til Norge i 2015, søkte asyl og fekk opphald i 2017. Men dei tre barna deira hindrar familien å bli busette i ein kommune.

Powered by Labrador CMS