Ikkje lett å vere god

Herren elskar ein glad gjevar, står det i Skrifta. Kan han 
elske meg etter dette?

– Eit forbod mot tigging er eg sterk motstandar av. Men blir tigginga borte dersom kvar einaste ein av oss blir vener med ein tiggar? spør Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

Stian Kilde Aarebrots tekst her i avisa laurdag – «Tanker fra en fest» – tok tak i lesarane. Aarebrot fekk justert det moralske kompasset sitt etter å ha høyrt eit sterkt vitnesbyrd om møtet med ei gravid kvinne frå romfolket. Han gjekk heim og innsåg at han kunne gjere noko.

LES INNLEGGET HER: «Jeg har innsett noe forferdelig: Vi kan utgjøre en forskjell for mennesker.»

Som debattredaktør har eg sett på trykk fleire sterke forteljingar om korleis livet blei endra etter møte med romfolk på gata i ­Oslo. Fleire har sett kraftfulle ord på kva det gjorde med dei og familiane å opne dører og sinn for menneske dei kunne valt å gå forbi. Vi treng slike utfordrande vitnesbyrd. Eg skal ikkje pole­misere mot eitt einaste av dei.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS