I storm og stille

I oppveksten vart vi også formana og åtvara om farane på havet, skriv Ellen Nordtun.

Foto: Bernd Wuestneck/Reuters/NTB scanpix

Det at «havet gir og havet tar» er ei kjent utsegn. Havet kan vera ein fiende, men er også ein ven. Dette var barnelærdom for meg som er oppvaksen på Bømlo, ein kommune med om lag 1.000 holmar og skjær.

Eg fekk tidleg sjå korleis havet endra seg i dei ulike årstidene. I oppveksten vart vi også formana og åtvara om farane på havet gjennom ulike forteljingar. Historia om Larsaboane gjorde eit sterkt inntrykk på meg.

Tippoldefaren min, Lars G. Nordtun, som var los, skulle ut i losoppdrag. Uvær og storm overraska dei, og båten sigla på ei grunne, eller nokre «boar» som vi kallar slike undervasskjer på Bømlo. Han forliste saman med to andre losar og ein losgut. Heime sat kone og born. Desse undervasskjera har seinare blitt kalla Larsaboane. Slike historier gjer noko med oss.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP