Human-Etisk Forbund: – Ordninga med sjukeheimsprestar i Oslo bryt grunnlova
SJUKEHEIMSPRESTAR: Human-Etisk Forbund reagerer sterkt på at KrF vil ha fleire sjukeheimsprestar i Oslo. Alle livsyn har rett til å bli behandla likt, og då er det alt anna enn fleire prestar som trengs, meiner dei.
MÅ DELE: Politisk leiar i Human-Etisk Forbund Lars-Petter Helgestad er kritisk til KrF-framlegg om fleire sjukeheimsprestar i Oslo. Først må DnK byrje å dele med andre, meiner han.(Foto: Erlend Berge)
– Ifølgje grunnlova har alle trus- og livssynssamfunn rett til lik støtte. Skal vi gjere noko med sjukeheimsprestetenesta i Oslo, så må det vere å gjere noko med forskjellsbehandlinga av alle dei som ikkje høyrer til Den norske kyrkja.
Det seier politisk sjef i Human-Etisk Forbund Lars Petter Helgestad. Han reagerer på at Espen Andreas Halse (KrF) denne veka foreslo å auke løyvingane til prestetenesta med 1,8 millionar kroner.
Helgestad viser til grunnlova. Den seier at alle trus- og livssynssamfunn har rett til å få den same støtta frå det offentlege. Når Oslo bispedøme får løyvd pengar over kommunens budsjett for å drive sjukeheimsprestetenesta, så må andre trus- og livssynsorganisasjonar også få støtte til tilsvarande ordningar, i forhold til storleiken på dei ulike samfunna, meiner han.
Bestill abonnement her
KJØP