Homoterapilov-utkast: Blir ulovleg å «behandle» med forbøn og sjelesorg

HOMOTERAPI: Regjeringa har lagt fram utkast om lovforbod mot konverteringsterapi retta mot LHBTQ-personar. Lova vil blant anna innehalde forbod mot forbøn og sjelesorg retta mot mindreårige.

Statsminister Erna Solberg, kultur- og likestillingsminister Abid Raja, utviklingsminister Dag Inge Ulstein og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterer regjeringens nye handlingsplan mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.
HOMOTERAPI: Etter det Vårt Land erfarer vil regjeringa legge fram utkast til lovforbod mot konverteringsterapi for LHBTQ-pertsonar fredag morgon.
Publisert Sist oppdatert

Regjeringa sendte ut høyringsnotatet med lovutkast fredag morgon.

Dette er innhaldet i lova:

  • All form for konverteringsterapi vil bli forbode for barn under 16 år
  • Bøn, handspålegging, sjelesorg og forbøn som har eit behandlingsliknande preg, med formål å endre legning eller seksuell handling, er eksplisitt nemnt som dømer på handlingar som blir ramma av dette forbodet.
  • For vaksne over 18 år vil konverteringsterapi berre vere lov når mottakaren har gjeve eit informert samtykke.
  • Samtykke gjeve under utilbørleg press tel ikkje som samtykke i denne samanhengen. Trugsel om utestenging (negativ sosial kontroll) er nemnt som døme på utilbørleg press.
  • For aldersgruppa 16 til 18 år er det ikkje konkludert. Lovavdelinga har problematisert at forbod om samtykkande konverteringsterapi i denne aldersgruppa kan vere i strid med menneskerettane. Høyringsnotatet ber om innspel på dette.
  • Brot på lova vil bli straffa med bøter og/eller fengsel i inntil 1 år.