Høgtidsparadokset

Tidlegare domprost Olav Dag Hauge vil fjerne fleire kristne høgtidsdagar. Ein særdeles dårleg idé, meiner LO.

Forbundsleiar i LO, Trine Lise Sundnes, brukar høgtidsdagane på hytta med familien sin. Ho meiner nordmenn treng desse pusteromma i ein elles hektisk kvardag.
Publisert Sist oppdatert

Det er vår i lufta, og langhelgane lyser mot oss i kapp med sola. Få andre land opererer med så mange fridagar under religiøse høgtider som Noreg. Både skjærtorsdag, 2. påskedag, Kristi himmelfartsdag, 2. pinsedag og 2. juledag er raude i kalenderen her til lands. Vi får ein ekstra dag på hytta, eller ein dag å kome seg heim frå ferie på. Men treng vi det?

– I mi tid som generalsekretær i Presteforeininga (1986-1994, red.anm.), foreslo eg at ein fekk ei veke fri i staden for tre andredagar, Kristi himmelfartsdag og skjærtorsdag. Forslaget var ikkje på vegne av foreininga, men som mi personlege meining, skriv tidlegare domprost Olav Dag Hauge, som er på ferie i Jordan, i ei tekstmelding til Vårt Land.

Hauge har fleire gongar gjenteke ideen, og han står framleis ved den.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS