Hjelp til sjølvhjelp i døden bør bli innført i Danmark, meiner utvalsleiar som er prest i Folkekirken
LIVSAVSLUTNING: Dødsutvalet til den danske regjeringa går inn for at det skal bli lovleg å yte dødshjelp til døyande, på vilkår.
OPNAR FOR DØDSHJELP: – Hjelp til sjølvhjelp i døden bør bli innført i Danmark i ein eller annan form, meiner Kathrine Lilleør, sokneprest i Sankt Pauls Kirke i København. Ho leiar det offentlege Utvalet for ein meir verdig død.
Ruth Einervoll Nilsen
Oppdraget blei gjeve i fjor haust:
«Regjeringa ønskjer å starte ein samtale med danskane om ein meir verdig død (...) Det blir ingen lett samtale, men det er ein samtale som må ta omsyn til medråderetten til det einskilde mennesket. Difor har regjeringa sett ned Utvalet for ein meir verdig død, som vil moderere ein kollektiv samfunnsdebatt.»
No har komiteen, eller dødsutvalet som han heiter i daglegtalen, lagt fram forslag til korleis dødshjelp kan bli lovleg. Forslaga, tre i talet, blei presenterte på eit folkemøte torsdag der livets siste fase blei sett under debatt.