Her vil gründerar bygga «Noregs Disneyland»
PARK: I ein skog ved Sandefjord er det planlagt ein familiepark som skal dra like mange besøkande som Dyreparken og Hunderfossen til saman. Det uroar lokale jordvernarar.
STRIDENS SKOG: Lillebyparken er planlagt i eit område med 500 dekar dyrkbar jord. Det møter motstand.
Rebekka Johannessen Litland
– Dette området er ein ressurs for matsikkerheita for framtida. Å gjera dette om til ein leikepark er absurd.
Hans Huseby står omringa av høge tre i ein skog dryge fem kilometer unna Sandefjord sentrum.
Den pensjonerte bonden har engasjert seg i kampen mot ein ny fornøyelsespark. Lillebyparken kan kosta opptil 4 milliardar kroner og har som mål om å dra like mange besøkande som Dyreparken i Kristiansand og Hunderfossen til saman.