Hentar fram elektriske stolar
Leveransane av gift blir strupa. No hentar amerikanske delstatar fram elektriske stolar. Kutte dødsstraffa er ikkje eit alternativ.
«Old Sparky» er Texas` gamle elektriske stol. I åra 1924-1964 blei 361 personar avretta i denne stolen. Sidan 1982 har Texas brukt giftsprøyter.
Pat Sullivan / AP / NTB scanpix
Som einaste vestlege land praktiserer USA dødsstraff. Sidan 1977 har landet avretta over 1.400 straffedømde. Dei aller fleste dødsdømde er blitt drepne med giftsprøyter.
Men fordi store internasjonale legemiddelfirma nektar å levere giftstoffa som blir brukte ved avrettingar, mellom anna som følgje av moralsk press frå organisasjonar som Amnesty, opplever mange delstatar at lagra av dødsgifter går tome.
Fremst blant legemiddelnektarane står europeiske medisinprodusentar som meiner at deira produkt skal brukast til å redde liv, ikkje ta liv. Legemidla amerikanske delstatar blandar skal roe ned fangen, lamme pusteorgana og stoppe hjarta.
Bestill abonnement her
KJØP