Helleland strevar med TV-reklame
Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) prøver med appellar til TV-selskap som bombarderer nordmenn med reklame som er ulovleg i Norge. Dei overser henne.
Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) fekk i fjor det britiske lotteritilsynet til å kontakte TV-selskap og be dei slutte å sende omstridt reklame til norske sjåarar frå Storbritannia. Svara var nei.
Pedersen, Terje
Nordmenn er eit kjøpesterkt publikum. Vi er glade i gambling og fell lett for ønskje frå barnemunn.
Dette ser TV-selskap og TV-kanalar. Ved å produsere og sende programma frå utlandet, frå land som tillet reklame for pengespel og reklame som masserer barnesinn, omgår selskapa norsk lov som har absolutte forbod mot slik reklame.
Vårt Land fortalte i går at TV-distributørar, som er eigde av staten og ei rekkje kommunar, også omgår reklameforboda. For dei sender barne-TV-kanalar som er produserte i utlandet, med norske tekstar og med norskspråkleg reklame.