Held norske våpenvilkår hemmeleg
KRIGEN I UKRAINA: Brukar Ukraina stridsvogner frå Norge i angrepa inne i Russland? Forsvarsdepartementet held svaret hemmeleg.
OPPLÆRING: Ukrainske soldatar lærer seg å kjøre norske Leopard-stridsvogner i Ukraina.
Kim Holmen/ FLO
Får me sjå norske leopardar rulle nordover i Russland, landet som Nato-medlemmet Norge har felles grense med?
Store avdelingar med ukrainske soldatar og stridsvogner kryssa grensa til Russland om morgonen 6. august. Innmarsjen er støtta av artilleri.
Ein analyse frå nyhendebyrået AFP, tufta på data frå tankesmia The Institute for the Study of War (ISW), viser at ukrainarane kontrollerer over 800 kvadratkilometer i Russland.