Heim til moderkyrkja

Prest Svein Kvamsdal spurde kona først - så søkte han paven om fritak frå kravet om sølibat kring katolsk presteteneste. Etter 40 år som prest i Den norske kyrkja er han no på veg til katolsk ordinasjon.

Messe: Prest Svein Kvamsdal har konvertert til Den katolske kyrkja og er no på veg mot katolsk presteordinasjon. Søndag deltok han i messa i Vår Frue kirke i Ålesund.
Publisert Sist oppdatert

– Det har vore ein lang veg, både til konvertering og at eg no har valt å bli prest i den katolske kyrkja. Men no kjenner eg meir og meir på at eg er komen heim, seier Svein Kvamsdal.

Han bur saman med kona Evy (som også er prest), i Volda, der han var sokneprest til han pensjonerte seg i 2015. Når han ikkje er prest reiser han gjerne rundt som trubadur, med eigne kulturprogram og kyrkjespel. «Svein prest», slik han lenge har vore omtala, fekk som sokneprest i Den norske kyrkja stadig høyre at han var blitt «heilt katolsk».

– Eg elska å stå i teneste for mine medkristne i Den norske kyrkja. Men det låg nok litt sanning i replikken, særleg i dei siste åra som sokneprest, medgir han.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP