Har syttendobla gebyr
65.000 innvandrarar har kome til Norge siste fem år på familiegjenforening. Alle som søkjer slik samling må betale eit gebyr. På 17 år er det meir enn syttendobla.
Hausten 2015 kom det mange asylsøkjarar til Norge via grensestasjonen Storskog i Finnmark. Her har ei politikvinne sala saman ei gruppe flyktningar på den norsk-russiske grensa. Året etter kom det nesten 16.000 menn og kvinner til Norge som følgje av familiegjenforening.
Cornelius Poppe
– Våre klientar fortel oss at nett komne flyktningar må ty til svart arbeid eller dyre forbrukslån for å betale gebyret innan fristen på seks månader. Gebyret hemmar av den grunn integreringa, seier Jakob Røen Mohus i Jussbuss. Den juridiske hjelpetenesta yter gratis rettshjelp.
Flyktningar som får opphald i Norge kan hente nær familie til landet. Men det kostar å fremme ein søknad om å få ektefelle hit: 10.500 kroner. Til samanlikning krev vårt naboland Sverige inn eit langt lågare gebyr når dei handsamar same type søknad: 1.500 svenske kroner for vaksne og 750 svenske kroner for barn.
FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) kritiserer Norge for å operere med verdas høgaste gebyrsats, fortalde Vårt Land sist veke.