Har gjort Ryfylke til vindistrikt, men EØS-reglar hindrar vinsal
LIV I BYGDA: Toyni Tobekk og Arild Hebnes er årets vinbønder. Men dei får ikkje selje vinen i gardsutsalet. – Meiningslaust, seier bonden og helsar til leiaren i Senterpartiet. Frp vil gjerne hjelpe.
DRUEHAUST: Av druene Arild Hebnes og Toyni Tobekk dyrkar på garden på Hebnes i Ryfylke, lagar dei fleire typar vin.
VisitSuldal/Lise Bjelland
Klimaendringane gjorde sørlege strok av Storbritannia til prislønte vinmarker.
No skaper mildare og varmare årstider grobotn for vindruedyrking også her i landet. Norge har fått nesten 60 vingardar.
– Difor må politikarane som snakkar varmt om å satse på distrikta, skape nye næringar og få unge til å vilja overta gardsbruk, komme oss i møte. Me må få lov til å selje vinen me produserer frå eigne utsal, seier Arild Hebnes til Vårt Land.