Hans Wilhelm Steinfeld fekk betalt for rosande innlegg om Kasakhstan

KASAKHSTAN: Tidlegare NRK-journalist Hans Wilhelm Steinfeld skriv rosande om Kasakhstan og forsvarar manglande demokratiutvikling. Innlegget var betalt av den kasakhstanske ambassaden.

Hans Wilhelm Steinfeld
BETALT: Tidlegare NRK-journalist Hans Wilhelm Steinfeld fekk betalt frå den kasakhstanske ambassaden for å skrive innlegg.
Publisert Sist oppdatert

Sommaren 2020 blir den tidlegare NRK-journalisten Hans Wilhelm Steinfeld kontakta av tidlegare sjefredaktør i Dagbladet John Arne Markussen. Omstendet er ei 175-årsmarkering for den kasakhstanske nasjonalpoeten Abai Kunanbayev, og Markussen gjev Steinfeld oppdraget med å skrive eit innlegg som kan seljast inn til norske medium.

I innlegget samanliknar Steinfeld Kasakhstan med naboen Turkmenistan og skriv at det er «fristende å fastslå, at Kasakhstan er den beste blant verstingene i Midt-Asia.» Han samanliknar også Kasakhstan med Noreg, og peikar blant anna på at «jødeparagrafen» vart ståande i den norske grunnlova fram til 1851, og at det gjekk 99 år frå 1814 til kvinner fekk røysterett, og avsluttar:

«Med slike minner fra norsk fortid, er det fristende å advare kritikere av strevet for nasjonsbygging i Kasakhstan med Bibelens eget ord om at ‘den kaste den første sten …’»

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS