Han skal bli deportert, kjempar for å få bli

IDENTITET: Norge vil deportere mannen til Etiopia. Han nekta å møte delegasjonen som skulle avklare identiteten hans. Likevel fekk han reisedokument frå Etiopia.

HØS
INNELÅST: Nagga Hailemichael heime i stova i bygda Høsøien ved Røros. Sidan 31. oktober har han vore internert på Politiets utlendingsinternat på Trandum.
Publisert Sist oppdatert

– Me stiller oss undrande til kor lovleg dette reisedokumentet er, seier advokat Mona Tatou. Ho representerer Nagga Hailemichael som skal ut av Norge med tvang.

– Eg har aldri hatt dokument som viser at eg er etiopisk. For far min hadde ukjent etnisk opphav, fortel Hailemichael på telefon frå Politiets utlendingsinternat.

Den fengselsliknande institusjonen på Trandum, like ved flyplassen på Gardermoen, er siste stopp før politiet deporterer dei som ikkje reiser heim frivillig – etter endeleg avslag på asylsøknaden.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS