Han møtte dronninga: – Den sterkaste kristne stemma i Storbritannia har stilna
TRU: Tidlegare sjømannsprest Torbjørn Holt møtte Dronning Elizabeth fleire gonger. – Det eg fornemma bak fasaden hennar, var eit trufast og venleg menneske.
MINNER: Torbjørn Holt møtte dronninga fleire gonger. Den tidlegare sjømannspresten i London er i dag katolikk.
Foto: Katolsk
– Dronning Elizabeth har vore den sterkaste kristne stemma i Storbritannia. Ei lågmælt, men klar og tydeleg stemme. Den stemma har no stilna.
Det seier Torbjørn Holt, tidlegare sjømannsprest i London. Han har hatt størstedelen av yrkeslivet sitt i Storbritannia, og har sjølv møtt dronninga ved fleire høve.
Ein gong fekk han veksla ord med henne i nokre minutt.
Bestill abonnement her
KJØP