Guds plass i byen

I sentrum står kyrkja. Knut Schmidts forfedre bygde byen Christiansfeld etter kristne prinsipp. Handverkaren pussar han opp for å bevare den levande idealbyen. I Norge skal moderne bybyggjarar finne plass til kyrkjer som signalbygg.

Knut Schmidt er kakkelomnsbyggjar i sjette generasjon. Familien kom til ­Danmark saman med herrnhutane som bygde opp byen Christiansfeld sør på Jylland. No ­pussar Schmidt opp eit nytt hus for at ein ny familie skal få høve til å bu i byen som er bygd etter ­bibelske prinsipp. – Christiansfeld skal vere ein levande by, ikkje eit museum, seier han

Knut Schmidt okkar seg ned trappa, trepallar stabla oppå kvarandre. Han har vondt i venstre side av overkroppen. Armen kan han ikkje bruke. Schmidt glei på den ustøe trappa og fall hardt.

– Snart skal vi setje opp ei skikkeleg trapp, ei trapp som står i stil til huset.

Murhuset Knut Schmidt og arbeidslaget renoverer, er byens eldste. Snart skal det på nytt fyllast med liv. Ein familie står klar med flyttelasset. Dei ivrar etter å flytte til byen som er reist av kristne handverkarar med ein bibelsk byplan.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP