Grunn
til glede 
i Guatemala?

I Guatemala har folk dansa i gatene av glede etter at presidenten blei avsett. Søndag vel dei ny ­statssjef som lovar ein betre kvardag.

Valmøte: Manuel Baldizon er leiar for Det demokratiske fridomspartiet. Her er han på eit valmøte i hovud­staden Guatemala by. For fire år sidan tapte Baldizón presidentvalet. Vinnaren, Otto Perez Molina, sit i dag i varetekt. I morgon er Baldizón favoritt.
Publisert Sist oppdatert

Opptakten til presidentvalet har vore verre enn nokosinne. Først blei visepresidenten arrestert, mistenkt for korrupsjon. Så blei avtroppande president, Otto Perez Molina, plassert i varetekt. Ein domstol har avgjort at Molina ikkje får vere ein fri mann så lenge det er høyringar om hans rolle i korrupsjonsskandalen. Han er skulda for å vere leiaren for eit massivt og velorganisert opplegg der importørar har betalt store summar for å sleppe å betale endå større importavgifter.

Mislukka

Molina, som var yrkesoffiser under borgarkrigen, lova å rydde opp i valden, drapa og korrupsjonen i Guatemala då han blei valt til statssjef i 2011. Eit uttrykk for at han har mislukkast kapitalt, er dei mange drapa på menneskerettsaktivistar. Berre hittil i år er ni blitt drepne. Menneskerettsorganisasjonar fortel at arbeidsvilkåra er blitt kraftig forverra sidan Molina blei president. Eks-generalen har særleg militarisert – og brutalisert – politiet i Guatemala.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP