Grillar politikarar på kristne sommarstemne

Minst seks stemne lokkar med valdebatt. JesusKvinner har kapra to partileiarar og tre andre stortingsrepresentantar.

Festivaldeltakarar får i sommar besøk av politikarar med valflesk. Denne debatten fann stad på Misjonssambandets Ung Landsmøte for fire år sidan. Frå venstre: dåverande leiar for NLM Ung, Øystein Sunde Pedersen, Solveig Horne (Frp), Thorbjørn Røe Isaksen (H), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Hadia Tajik (Ap), Audun Lysbakken (SV) og debattleiar Alf Gjøsund.
Publisert Sist oppdatert

Audun Lysbakken (SV), Helga Pedersen (Ap) og Knut Arild Hareide (KrF) er blant toppane som tek turen innom stemna i Kristen-Norge for å delta i politisk debatt. På programmet står klassiske «kristensaker» som abort, familiepolitikk, misjon og frivillige organisasjonar sine kår.

– Vi gir kristne kvinner sjansen til å orientere seg i kva verdiar dei forskjellige partia har, seier Randi Birkeland, dagleg leiar i JesusKvinner.

STEMNEGUIDEN: Finn sommarstemne der du bur eller ferierer

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS